JOHS KJEKEN (50) har vært generalsekretær i Ungdommens Sjakkforbund de ti siste årene. Mange kjenner ham også som turneringsleder under en rekke Ungdoms-NM. Kjeken er i tillegg en habil spiller med 1820 i rating. Han representerer Oslo-klubben 1911. 


Lær av å tape

Blir du sur når du taper? Kanskje du blir så sint og skuffa at du tar til tårane? Da har du sanneleg noko å lære.
Sjakk er ikkje som andre spel der terningkast og slump kan avgjere utfallet. I sjakk kan du vinne når motstandaren gjer feil, eller fordi du veit meir og ser meir. Kanskje er det derfor det er meir pyton å tape i sjakk enn i yatzy? 
Hedersmannen Bror Eeg, som dreiv med skolesjakk i Oslo i 40 år, sa: «Tap er ikkje nederlag, men læring!» Du lærer av erfaring og trening. Yatzy kan du godt ha spelt lenge, men likevel tape for ein nybegynnar. Det hjelper lite å øve seg på å trille seksarar. Viss du spelar og øvar sjakk heile dagen i mange år - sjøl om det kanskje blir for mykje av det gode -, vil du lære meir og spele betre.  

Etter eit tapt parti løner det seg å tenkje etter kvifor du tapte. For eksempel kan du finne ut:

1. Eg tapte fordi eg spelte for fort. Lærdom: Bruk den tida du har og prøv å finne beste trekket. Sjå alltid etter kva motstandaren gjorde i sitt førre trekk, før du bestemmer deg for kva du skal gjere. Motstandaren har alltid skumle planer.

2. Eg tapte fordi eg oversåg at han/ho kunne ta dronninga mi. Lærdom: Eg må sjå betre etter neste gong så det ikkje skjer på nytt. Sjå alltid etter kva motstandaren kan gjere etter at du har gjort trekket ditt. Viss motstandaren tar mine brikker utan at eg kan ta igjen, da går det gale. 

3. Eg tapte fordi eg møtte ein motstandar som var mykje betre enn meg. Lærdom: Studer trekka til motstandaren før du sjøl trekker. Faktisk er det når du spelar mot ein som er betre enn deg at du kan lære mest.

Tap og vinn med same sinn, var det ein som sa til oldemora si. Det er eg ikkje heilt samd i, det er lov å bli skuffa og lei seg når ein taper, og det er lov å bli glad når ein vinn. Men ein må prøve å styre seg når ein sit ved brettet, og ta begge delar med fatning.
Og viss du alltid vann, ville det vere så veldig moro i lengda? 

Vennleg helsing Johs. R. Kjeken, som nå sluttar som generalsekretær i USF og seier takk for seg i denne samanheng

(førsteraden)

Slik finner du fram: 
Nytt og gammelt 
Hovedside 
Oppdateringer 
førsteraden 
turneringer 
Temasider 
BGP/UGP 
Boksiden 
Jentesiden 
USF 
Terminliste 
 
 
[NYHETER|USF|NORSK SJAKK|TOPPEN]